Palestinsk Røde Halvmåne: Ingen nødhjelp har nådd fram til sivile på Gaza
0
Palestinsk Røde Halvmåne (PRSC) seier at dei fleste lastebilane med nødhjelp framleis står ved grenseovergangen Kerem Shalom, ifølgje Reuters.
Lastebilane er inspiserte, men har ikkje fått sleppe inn i Gaza.
Dette skjer trass i at israelske styresmakter har sagt at 100 lastebilar med nødhjelp skulle få kome inn.
– Ingen sivile i Gaza har fått noko som helst frå desse sendingane enno, seier PRCS-presidenten.
Situasjonen for helsevesenet i Gaza er òg kritisk. Ifølgje organisasjonen er kapasiteten til ambulansetenesta redusert til ein tredel. Alle ambulansebilar som går på bensin, har stoppa opp.
