ru24.pro
World News
Май
2025

Fleire land kritiserer Israel etter skyting mot diplomatar på Vestbreidda

0
NRK.no 

Palestinske styresmakter melder at israelske soldatar skaut mot ein delegasjon med diplomatar som besøkte byen Jenin på Vestbreidda, ifølgje AFP.

Den israelske hæren (IDF) seier dei skaut varselskot for å få dei vekk etter at delegasjonen avvika frå godkjend rute og gjekk inn i eit område dei ikkje hadde løyve til å vere i.

Dei palestinske styresmaktene kallar hendinga for «ein alvorleg og medviten angrepshandling».

IDF seier at ingen blei skada og at dei «beklagar ulempa».

– Det var ikkje berre eitt eller to skot. Det var gjentekne skot. Då byrja vi alle å springe tilbake til bilane, sa ein europeisk diplomat som var til stades til AFP.

– Vi ber den israelske regjeringa straks klargjere kva som har skjedd. Truslar mot diplomatar er uakseptabelt, skriv Italias utanriksminister Antonio Tajani på X.

Tajani seier at Israels ambassadør blir kalla inn for å forklare skytinga i Jenin.

Ein italiensk diplomat var blant dei til stades, i tillegg til diplomatar frå Frankrike og Storbritannia.

Belgia, Storbritannia og Spania kritiserer òg Israel for hendinga.

Utanrikssjef i EU, Kaja Kallas oppmodar Israel til å granske hendinga.

– Truslar mot diplomatars liv er uakseptable, sa Kallas til journalistar i Brussel, og kravde at dei ansvarlege blir haldne til ansvar.