Litauen vil kjøpe norske marinefartøy
0
Noregs forsvarsminister Tore O. Sandvik besøkte denne veka Litauen. Der møtte han sin litauiske kollega Dovile Sakaliene.
Under besøket stadfesta Sakaliene at Litauen vurderer å kjøpe militære fartøy frå Noreg.
– Vi ser på moglegheita for å kjøpe dei same fartøya som Noreg planlegg å byggje, sa Sakaliene på ein pressekonferanse.
– Litauen har tidlegare vurdert å anskaffe inntil fire store fartøy. Noreg planlegg ti, der fire av dei er tiltenkt same bruk som Litauen ønskjer. Landa har hatt samtalar om samarbeid i omtrent eitt år. Ei intensjonsavtale vart signert denne veka, men inneheld førebels ingen økonomiske detaljar, skriv forsvarsdepartementet til NRK.
