Israel høgsterett: Ulovleg å sparke etterretningssjef
Israels høgsterett har slått fast at regjeringa sitt forsøk på å sparke leiaren for den nasjonale etterretningstenesta Shin Bet, Ronen Bar var ulovleg, ifølgje Reuters som siterer israelske medium.
Det var statsminister Benjamin Netanyahu som fatta avgjerda i mars. Høsgterett meiner han ikkje var habil, sidan tenesta etterforska hans medarbeidarane hans for koplinga til Qatar.
Det utløyste store protestar over heile landet. Kritikarar meinte at regjeringa undergrov sentrale statlege institusjonar og sette det israelske demokratiet i fare.
Ronen har sjølv varsla at han kjem til å gå av i juni.
Shin Bet har ansvar for å overvake Hamas og andre militante palestinske grupper. Tidlegare i år offentleggjorde tenesta ein rapport det dei tok ansvar for tryggleikssvikt i samband med Hamas sitt terrorangrep på Israel 7. oktober 2023.
