Ekstremt mykje regn i Australia
0
Store nedbørsmengder og flaum skaper problem i den mest folkerike delstaten i Australia, New South Wales.
Somme stader har det kome like mykje regn på to dagar som det vanlegvis gjer på fire månadar.
Ein by nord for Sydney har målt 415 millimeter regn sidan måndag.
Mange stader har regnet ført til flaum, og folk har flykta til hustak, der dei har blitt redda av helikopter.
Det er venta meir regn dei neste dagane.
