ru24.pro
World News
Май
2025

Høg brannfare i Rogaland: Brannsjefen har ei klar oppmoding

0
NRK.no 

Tysdag blei faren for skogbrann oppgradert til oransje nivå langs store deler av kysten i Rogaland og Vestland.

Den lange tørkeperioden, kombinert med kraftig vind, høg soloppvarming og låg fukt i lufta, gjer at brannar no kan utvikle seg eksplosivt.

Rett over fylkesgrensa i Bømlo, er store styrker sendt ut for å bidra til sløkkinga av ein større grasbrann.

Brannsjefen på Haugalandet er bekymra for at fleire skogbrannar kan utvikle seg dei neste dagane.

Han har ei klar oppmoding:

– Veldig enkelt. Ikkje forårsaka brann. Det gjør du ved ikkje å bruke open eld, og det er heilt ned på sigarettnivå, seier brannsjef i Haugaland brann og redning, Dag Botnen.

Han held fram:

– Hadde du tenkt å grille i terrenget, eller å lage eit kaffibål, så kan du vente med det eit par dagar. Så er vi tilbake til normalen igjen.

– Ein brann under desse forholda kan gå opptil ein mil på ein time, så ring 110 så fort som mogleg om du oppdagar ein brann, seier brannsjefen.