ru24.pro
World News
Май
2025

Bømlo-brannen har blussa opp att

0
NRK.no 

Sør-Vest politidistrikt melder at terrengbrannen ved Stokkabekkvegen på Bømlo har blussa opp att.

Politiet fekk klokka 0818 om småbrannar på ulike stader i terreng og ved busetnad.

Det er førebels ikkje behov for ny evakuering. 13 personar er evakuerte frå 11 bustader etter brannen som braut ut i går.

Kring 100 mål har brent til no.

Onsdag morgon er Sivilforsvaret og eit brannhelikopter på veg til Bømlo. I tillegg er Haugaland lyngbrennerlag på veg for å bistå.

– Sivilforsvaret er på veg for å hjelpe brannvesenet med å få meir vatn ut til terrenget, seier Carina Børnes, innsatsleiar for Bømlo brannvesen.