Nato-sjefen vitjar Forsvaret i Nord-Noreg
0
Som NRK tidlegare har meldt kjem Natos generalsekretær Mark Rutte til Noreg torsdag 22. mai.
I dag la regjeringa fram programmet. Statsminister Jonas Gahr Støre tek Rutte med til Nord-Noreg, der dei skal vitja Ramsund orlogsstasjon og Evenes flystasjon.
Rutte vil også få ein helikoptertur over Ofoten, og orienteringar frå forsvarsleiinga.
Statsminister Jonas Gahr Støre seier Rutte skal få sjå korleis norske og allierte styrkar jobbar saman, og at det er viktig å få fram kor strategisk viktige nordområda er.
