ru24.pro
World News
Май
2025

Storbrann i eit gjenvinningsanlegg i Sverige – fryktar spreiing

0
NRK.no 

Ein kraftig brann har herja eit gjenvinningsanlegg i Karlstad i Sverige sidan fredag, og situasjonen er framleis ikkje under kontroll.

Ifølgje Aftonbladet har brannen blussa opp igjen, og det brenn no i eit dekkdepot og fleire søppelhaugar.

To helikopter slepper vatn frå lufta, og rundt 20 brannbilar er på staden.

Innbyggjarar i området blir bedne om å halde seg innandørs og lukke vindauge og ventilasjon på grunn av kraftig røyk.

Den største frykta no er at flammane skal spreie seg til eit nærliggande kontorbygg.

Brannmannskap frå fleire regionar er kalla inn, og sløkkinga er venta å vare i fleire dagar.

– Dei tilsette er slitne. Den største risikoen for dei er mykje røyk, og det er òg dekk som eksploderer. Ein må jobbe med passande avstand, seier Johan Gustafsson frå SOS Alarm til Aftonbladet.

SOS Alarm er Sveriges nasjonale beredskapsteneste som tek imot naudanrop og varslar brannvesen, politi og ambulanse.