ru24.pro
World News
Апрель
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
29
30

Bryne sjokkopna i Bergen – Brann snudde etter straffescoring

0

Bryne hadde ikkje vunne ein bortekamp i Eliteserien sidan 2002. 23 år etter at dei audmjuka bergensarane på sjølvaste 16-mai såg det lenge ut som historia skulle gjenta seg.

Men på overtid får Brann straffe og snudde kampen til 3–2 siger etter scoring av Niklas Castro.

Bryne sjokkopna i Vestlandshovudstaden, då Duarte Moreira tok jærbuene opp til 0–1 alt etter åtte minutt. Nicklas Strunck skyt frå 16-meteren, ein ball Mathias Dyngeland i Brann-målet må gi retur på. Moreira får ei enkel oppgåve med å sette den returen i buret.

Men det skulle bli verre for heimepublikumet i regnvêret på Brann Stadion. Før kvarteret er spelt varta Dyngeland opp med nok ein gåvebakke av ein retur. Der står Alfred Scriven som sørger for at gjestane leiar 0–2.

Etter sidebyte blir Bård Finne bytta inn og 30-åringen brukar ikkje lang tid på å gi bergensarane nytt håp, då han smeller reduseringa i mål frå 10 meter.

Felix Horn Myhre utlikna for bergensarane eit kvarter før full tid, før Brann på overtid snudde det heile og sikra seg tre poeng.

Med det toppar bergensarane tabellen i Eliteserien etter fem rundar med 12 poeng.