Ingen kvalfangst på Island i år
0
Den einaste verksemda som driv med fangst av kval på Island avlyser fangsten for andre år på rad. Det er på grunn av låge prisar, melder avisa Morgunblaðið.
– Slik vi ser situasjonen, har ikkje Hvalur noko anna val enn å bli i hamn og håpe på betre tider, seier Hvalur-direktør Kristján Loftsson.
Bakgrunnen er fallande prisar i Japan, som er den viktigaste marknaden deira. Uro og usikkerheit på verdsmarknadane forverrar situasjonen, ifylgje Loftsson.
Kvalsesongen varer vanlegvis frå juni til september. Dei siste åra har ikkje kvotane blitt fylte.
Saman med Island er det berre Noreg og Japan som driv med kvalfangst (NTB).