ru24.pro
World News
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29
30
31

1,2 milliardar kroner til verdas første «rotorvegg»

0
NRK.no 

For første gong skal det byggast ein multirotorvegg på flytande plattform i havet, og det skal skje utanfor Øygarden.

Enova varslar at dei gir 1,2 milliardar kroner til eit demonstrasjonsanlegg for Wind Catching Systems’ flytande havvind-teknologi.

WCs har i fleire år jobba med det selskapet kallar eit «vindsegl» – ein gigantisk, flytande stålinnretning som består av fleire tital vindturbinar. Demonstrasjonsanlegget skal etter planen innehalde 40 slike turbinar, med ein kapasitet på éin megawatt kvar.

Planen er at anlegget skal stå klart i løpet av 2029.