ru24.pro
World News
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Britisk regjeringsmedlem trekker seg etter granskingar

0
NRK.no 

Tulip Siddiq, økonomisekretær i det britiske finansdepartementet, har trekt seg frå regjeringa, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Siddiq som tilhøyrer Labour-partiet har blitt knytt til korrupsjonsskandalar i Bangladesh.

Ho er under gransking for påstått innblanding i ein kontrakt med Russland om bygging av Rooppur kjernekraftverk og for å ha sikra eigedomar ulovleg til familiemedlemmar gjennom hennar tante, Bangladesh tidlegare statsminister Sheikh Hasina.

Siddiq har avvist skuldingane og har bede om ein uavhengig gransking.

I eit brev til statsminister Keir Starmer, der ho varsla si avgang, sa Siddiq at situasjonen kunne bli ein distraksjon for regjeringa.

Saka har skapt stor merksemd rundt koplingar mellom britiske politikarar og utanlandske regimer.

Starmer har utpeikt Emma Reynolds til å erstatte Siddiq.