ru24.pro
World News
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Noreg set inn fire tiltak for å sikre undersjøisk infrastruktur

0
NRK.no 

Noreg, USA, i tillegg til dei nordiske og baltiske landa har blitt einige om fire tiltak for å auke tryggleiken for undersjøisk infrastruktur.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) understrekar at betre samarbeid med privat sektor er sentralt i arbeidet.
Dei fire tiltaka er:

Informasjonsdeling: Opprette kanalar for sanntids deling av informasjon mellom myndigheiter, allierte og private aktørar.
Offentleg-privat samarbeid: Styrke reparasjons- og vedlikehaldskapasiteten gjennom samarbeid og sikring av forsyningskjeda.
Kabeldatabase: Samle informasjon om kabelfeil og reparasjonar for å redusere forsinkingar.
Effektiv logistikk: Gjere det enklare og raskare å importere, eksportere og transportere reparasjonsutstyr.

– For Noreg, som har fleire tusen kilometer med undersjøiske kablar er det svært viktig å motverke angrep på infrastrukturen på havbotnen, legg utanriksministeren til.