Biden: Nære ei avtale om Gaza
Avtroppande president Joe Biden uttalte at avstanden mellom Israel og Hamas gradvis minkar i dei føreslåtte forhandlingane om gisselutveksling og våpenkvile i Gaza.
– I krigen mellom Israel og Hamas er vi nære at eit forslag eg skisserte i detalj for fleire månader sidan, endeleg kan bli realisert, sa Biden.
Medan den nasjonale tryggingsrådgjevaren i USA, Jake Sullivan sa at USA vil få amerikanske gislar heim:
– Vi har fokusert på forhandlingar for å sikre at alle amerikanske gislar kjem heim.
Det melder nyheitsbyrået Reuters.
Han legg til at Biden-administrasjonen som går av neste veke, samarbeidar tett med Trump-teamet for å få heim av gislane frå terroråtaket 7. oktober 2023.
Tidlegare i januar sendte påtroppande president Donald Trump sin spesialutsending til Midtausten, Steve Witkoff, for å mekle fram ein våpenkvileavtale i Gaza før han tek over embetet 20. januar.
Tysdag vil våpenhvileforhandlingar om Gaza bli halde i Qatar for å ferdigstille dei siste detaljane knytt til avtalen, ifølgje ein tenestemann som er informert om forhandlingane til Reuters.
