ru24.pro
World News
Январь
2025

Somalia og Etiopia gjenopprettar diplomatiske forhold

0
NRK.no 

Somalias president Hassan Sheikh Mohamud og Etiopias statsminister Abiy Ahmed blei einige om gjenopprette diplomatiske forbindelsar, melder nyheitsbyrået AFP.

Dette skjer etter at Etiopias ambassadør blei utvist i april førre år etter ein omstridd avtale med ein utbrytarregion i Somalia.

Bakgrunnen for konflikten var at Etiopia og utbrytarregionen Somaliland hadde signert ein avtale om å leige ein 20 km lang kyststripe for å bygge ein marinebase nokre månadar i førevegen.

Abiy Ahmed vann Nobels fredspris i 2019 for sitt arbeid med å fremje fred med Eritrea, men sidan han tok makta har landet sett ei dramatisk auke i konfliktar mellom dei etniske gruppene i landet.