ru24.pro
World News
Январь
2025

Hanoi verdas mest forureina by fredag

0
NRK.no 

Vietnams hovudstad Hanoi er dekt av tett smog fredag, og toppar lista over dei mest forureina byane i verda, melder Reuters.

Vietnam har ein av dei raskast veksande økonomiane i Asia, og har hatt eit aukande problem med alvorleg luftforureining dei siste åra.

Den kraftige forureininga skuldast blant anna mykje trafikk, søppelbrenning og industri, skriv nyheitsbyrået.

Styresmaktene i Vietnam ønsker ein rask overgang til elektriske køyretøy for å minske forureininga.

Hanoi har eit mål om at minst halvparten av bussane og alle drosjene i byen skal vere elektriske innan 2030.