Sender patruljebåt for å sikra straumkablar mellom Estland og Finland
0
Estiske styresmakter sender ein patruljebåt frå Marinen til å passa på dei undersjøiske straumkablane mellom Estland og Finland. Det skriv den estiske forsvarsministeren på X fredag morgon.
Ifølge den estiske avisa Postimees meiner forsvarsministeren Hanno Pevkur at Estland må senda eit «tydeleg signal» etter kabelbrotet i Finskebukta, som vart kjend torsdag.
Finske styresmakter sa torsdag at dei mistenker at oljetankskipet «Eagle S» står bak kabelbrotet, og trur at skipet er ein del av skuggeflåta til Russland.