Riiber går ut først
Jarl Magnus Riiber går ut først i langrennet på Lillehammer seinare søndag. Han hoppa nemleg 139,5 meter om føremiddagen.
Det var rett nok éin meter kortare enn Thomas Rettenegger frå Austerrike, som vart nummer to. Men Riiber fekk betre stilpoeng.
Rettenegger går ut seks sekund bak Riiber.