ru24.pro
World News
Декабрь
2024

Støre: – Usikker framtid i Syria

0
NRK.no 

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at det er gledeleg at Assad-regimet i Syria har falt.

Samtidig er framtida usikker for landet, seier han.

– Det er snakk om mange militante grupper. Syria er eit vegkryss geografisk med enormt mange motstridande interesser frå gruppene.

Dette vil påverke stabiliteten i heile regionen, seier Støre. Han seier det difor er viktig å følge situasjonen nøye.

– Vi må sjå dei neste dagane korleis dette utviklar seg. det er ein dramatikk rund dette. Vi er vitne til eit statssamanbrot. Og ut av statssamanbrot kjem det ofte meir kaos.