ru24.pro
World News
Декабрь
2024

Brynjar Meling melder seg ut av Advokatforeningen

0
NRK.no 

Brynjar Meling melder seg ut av Advokatforeningen fordi han meiner dei har gjort ein for dårleg jobb med å heve salæret til forsvarsadvokatar, skriv E24.

Også dei tre andre partnarane i advokatfirmaet SjødinMeling har meldt seg ut, skriv nettavisa.

I fjor tok foreininga ut medlemmane sine i streik fordi dei meinte dei offentlege honorara, som blir fastsett av regjeringa, er for låge.

Det førte til ein auke på 50 kroner timen frå neste år.

Generalsekretær Merete Smith i Advokatforeningen er einig i at satsen burde vore høgare, men meiner Meling bommar på kritikken.

– Vi har gjennom mange år arbeidd målretta og strategisk med å auke rettshjelpssatsen, og han ville ha vore langt lågare utan innsatsen frå foreininga, seier ho til E24.