ru24.pro
World News
Декабрь
2024

To bueiningar totalskadd i brann

0
NRK.no 

To bueiningar i eit rekkehus i Sandnes er utbrende etter ein brann natt til søndag. Ifylgje 110-sentralen er det ti einingar i rekka, der det brann i midten.

Heile 47 naboar blei evakuerte. Ein person fekk i seg røyk, og oppsøkte legevakt. Undersøkingar viste at vedkommande var uskadd, opplyser politiet.

Søndag er politiet i gang med tekniske og taktiske undersøkingar på staden. Dei gjer også rundspørjingar og vitneavhøyr.

– Foreløpig har vi ikkje nokon indikasjonar på brannårsak, seier politifagleg etterforskingsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Morten Vestbø.

Natt til søndag blei ein barnehage i nærleiken brukt som opphaldsplass for bebuarane.

– Fleire av dei evakuerte kan ikkje returnere til bustadane sine før om nokre timar. Dei har fått tilhald i ein barnehage i nærleiken, opplyste operasjonsleiar Helen Ims natt til søndag.

Litt seinare, klokka 3.30, meldte politiet at dei som oppheldt seg i barnehagen enten hadde dratt heim eller til andre stadar dei kunne overnatte.

Brannvesenet fekk like før klokka halv to, melding om høge flammar for husrekkja, og det var då fare for spreiing til endå fleire bueiningar.