Brann i rekkehus i Sandnes
0
To bueiningar i eit rekkehus i Sandnes er utbrende etter ein brann natt til søndag. Ifylgje 110-sentralen er det ti einingar i rekka, der det brann i midten. Fleire naboar evakuerte.
Ein person har fått i seg røyk, og vil oppsøke legevakt, opplyser politiet.
– Fleire av dei evakuerte kan ikkje returnere til bustadane sine før om nokre timar. Dei har fått tilhald i ein barnehage i nærleiken, opplyser operasjonsleiar Helen Ims.
Brannvesenet fekk melding om høge flammar for husrekka, og det var då fare for spreiing til endå fleire bueiningar.