ru24.pro
World News
Декабрь
2024

Brann på skule i Sortland

0
NRK.no 

Naudetatane er på plass ved Sortland barneskole etter melding om brann. Klokka 23:29 blir det meldt om at det er kontroll på staden og brannen er sløkt.

– Brannen er sløkt. Dei har kontroll og det er ikkje spreiiningsfare til andre bygg, stadfestar Andreas Skindlo hjå 110-sentralen til VOL.no.

Politiet melde før det at inngangspartiet på barneskulen var overtent, og seinare at det var spreiingsfare til Sortland vidaregåande skole som ligg vegg i vegg.

Folk blir bedne om å trekke unna staden grunna mykje røyk. Bebuarar i nærleiken blir oppmoda til å lukke alle vindauge.