Opprørarar seier dei har tatt kontroll over Homs
0
Syriske opprørsgrupper seier dei har tatt kontroll over byen Homs nord for hovudstaden Damaskus, det melder Reuters.
Tidlegare laurdag kveld tok opprørsgruppene seg inn i byen og tok kontroll over somme bydelar, etter at tryggleiksstyrkar og hæren trekte seg tilbake frå sine siste posisjonar. Det seier observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).