ru24.pro
World News
Декабрь
2024

Bustadprisane fall med 0,5 prosent i november

0
NRK.no 

Bustadprisane hadde eit fall på 0,5 prosent i november, viser tal frå Eiendom Norge.

Justert for sesongvariasjonar, steig prisane med 0,4 prosent.

Så langt i år har bustadprisane i Noreg stige med 6,3 prosent.

Eiendom Norge seier i ei pressemelding at vi må tilbake til pandemiåret 2021 for å finne like mange brukte bustader som er lagt for sal.

Det tek i snitt 54 dagar å selje ein bustad i november, opp frå 48 dagar i oktober.