ru24.pro
World News
Ноябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
25
26
27
28
29
30

Sikta for falsk forklaring etter valdsmelding

0
NRK.no 

Fotballspelaren Hamse Ali fortalde om at han vart utsett for vald i Nygårdsparken i Bergen. No er han sikta for falsk forklaring.

Politiet understrekar at dei ikkje har konkludert og at begge sakene framleis er under etterforsking.

I september i år fortalde SK Djerv-spelaren at han var på veg heim frå fest, og at han vart angripen av seks menn i Nygårdsparken i Bergen rett før han var heime.

Hamse Ali har no fått oppnemnt Anette Askevold som forsvarar, som seier til NRK at «dei er kjende med at politiet har ein alternativ hypotese».