Lærar dømt for overgrep på elevar
0
Læraren, som også var trenar til dei to nå unge kvinnene, er dømt til fengsel i eitt år og ti månader. Mannen i 50-årene frå Innlandet får også forbod mot å vere lærar i tre år og trenar i fem år.
Det kjem fram i dommen frå Eidsivating lagmannsrett som dømmer mannen til å ha misbrukt sin stilling som lærar og trenar til å skaffe seg seksuell omgang med tenåringar. I det eine tilfellet var mannen både trenar og lærar for den fornærma, mens i det andre tilfellet vart seksuell omgang innleia med ein tidlegare elev.
Mannen var i slutten av 40-årene da han utførte handlingane mot jentene som begge var i tenåra.
Mannen, som erkjente straffskuld, er også dømt til å betale oppreisning.