Kronprins Haakon om Høiby-saka: – Det er mange meiningar
Kronprins Haakon besøkte måndag Al-Noor-moskeen i Bærum, som blei ramma av eit terrorangrep 10. august 2019. I etterkant av besøket møtte kronprinsen pressa, og fekk spørsmål om Høiby-saka.
– Det er ei politisak som går, og så får me prøva å gjera jobben vår samtidig, sa han til pressa.
Han ville ikkje kommentera om han eller kronprinsesse Mette-Marit er innkalla til politiavhøyr.
Då kronprinsen fekk spørsmål om at Kongehuset får særbehandling i saka, svara han følgande:
– Eg tenker at det er mange meiningar om dette og det er jo kanskje naturleg. Samtidig må me prøva å gjera jobben vår, så får politiet gjere etterforskinga.
Førre veke blei det kjent at Slottet og kronprinsparet blei varsla før Høiby blei pågripen 4. august.
Ifølge VG og Aftenposten skal kronprinsessa ha varsla Høiby, og rydda leilegheita hans. Ho har også har også vore i kontakt med den fornærma kvinna etter pågripinga.