ru24.pro
World News
Ноябрь
2024

Riksveg 7 opnar for trafikk i kveld

0
NRK.no 

Riksveg 7 mellom Eidfjord og Hardangerbrua har vore stengd sidan Erdalselva fløymde over og gjorde skader på Erdal bru torsdag.

I same slengen blei eit naust slengd på sjøen og eit hyttefelt rasert.

Avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen Svenn Egil Finden, stadfestar til NRK at Statens vegvesen vil opna riksveg 7 klokka 18 sundag kveld.

Riksvegen, som er den kortaste vegruta mellom aust og vest, blei opna for utrykkingskøyretøy klokka 10.

– Brua har fått omfattande skader, både på fundament og langkar, men me har funne ei løysing som gjer at me kan opna for eitt køyrefelt, opplyser Finden.

Brua er såpass øydelagd etter herjingane at det må byggast ny.

– Det må byggast ei ny bru der, men i mellomtida meiner me å ha funne ei løysing som vil fungera i ein lengre periode.