Sandvik skal leie forhandlingar under naturtoppmøtet
Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) skal leie forhandlingane om finansiering av naturavtalen.
Forhandlingane finn stad under naturtoppmøtet COP16, som blir arrangert i Colombia denne og neste veke.
Naturavtalen blei inngått under naturtoppmøtet i Montreal i 2022. Der blei nesten 200 land samde om å stoppe og reversere tap av natur.
Naturavtalen har eit mål om å skaffe 200 milliardar amerikanske dollar innan 2030, og 20 milliardar dollar til utviklingsland innan 2025. Utviklingslanda meiner at dei rike landa bør bidra meir med pengestøtte for å nå måla i naturavtalen.
– Ein del av jobben blir å få landa til å bli samde slik at vi kan nå finansieringsmåla så raskt som mogeleg, seier Sandvik.
Det er miljøminister Susana Muhamad som har bedt Sandvik hjelpe Colombia med å få forhandlingane i hamn.