ru24.pro
World News
Октябрь
2024

Fylkespolitikar har kontaktet politiet

0
NRK.no 

Gruppeleiar for Innlandet Høgre, Joakim Ekseth, stadfester at ein fylkestingspolitikar frå Innlandet Høgre har teke kontakt med politiet for å anmelde hets/hendingar i skulesaka.

– Det kan eg stadfeste. Det har vorte for mykje på enkeltpersonar, seier Ekseth.

Førebels fortel han om ein, men han ser ikkje bort ifrå at det kan bli fleire.

– Kontakten var for ikkje så lenge sidan som følge av skuleprosessen. Nå i kveld kom det jo ei ytterlegare utvikling og eg er verkeleg sjokkert over korleis ordskiftet er, og kva folk får seg til å seie. Det er lågmål, seier Ekseth.

Han meiner at det ikkje er slik det skal vere i Noreg.

– Det er øydeleggande og folk blir redde. Dette må få etterspel, seier Ekseth.