Målte vindkast på over 41 m/s
0
Meteorologane har ute oransje og gult farevarsel om kraftige vindkast på Vestlandet. Vinden er venta å auke noko på utover føremiddagen, og vil vere på sitt sterkaste dei neste timane rundt Stad.
Dei sterkaste vindkasta til no er ifølgje meteorologane målt på Kvamsfjellet i Sunnfjord kommune, med over 41 m/s.
Seinare skal lågtrykket flytte seg vidare nordaustover.