ru24.pro
World News
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Care Norge: To hjelpearbeidarar drepne i Gaza

0
NRK.no 

Juzoor er ei partnarorganisasjon av Care, og ein av få organisasjonar som framleis er aktive i Nord-Gaza har no mista to tilsette, skriv Care Norge i ei pressemelding.

– Våre tankar går no til familiane til dei drepne og såra kollegaene våre i Juzoor. Dette er menneske som under umenneskelege forhold har gjort alt dei kunne for å hjelpe andre, seier Kaj-Martin Georgsen, generalsekretær i CARE Norge.

Om lag 1000 helsearbeidarar og meir enn 300 hjelpearbeidarar er drepne i Gaza det siste året, opplyser Care og viser til FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) og helsemyndigheitene i Gaza.

– Helsearbeidarar og hjelpearbeidarar i Gaza set kvar einaste dag sine liv i fare for å hjelpe folk. Det er ein innsats som burde heidrast med at vi alle minne oss sjølve om verdien av menneskeliv, og gjer alt vi kan for å hjelpe folk i nød og få partane til å leggje ned våpena, seier Georgsen.