ru24.pro
World News
Октябрь
2024

Store demonstrasjonar i Spania

0
NRK.no 

Rundt 12.000 menneske demonstrerte for billegare bustader i Madrid søndag, melder Reuters.

Mange i Spania kjenner seg pressa ut av bustadmarknaden fordi mange bustader blir brukte til utleige til turistar.

Regjeringa i Spania varsla i juli at dei ville slå ned på korttids- og sesongbasert ferieutleige, og undersøke om dei som annonserer på plattformer som Airbnb og Booking.com har lisens for utleige.

Også i Barcelona var det demonstrasjonar søndag mot eit internasjonalt båtløp som dei meiner bidreg til dyrare bustader og fleire turistar til byen.