KrF ønsker Tormod Losnedal som ordførar i Stavanger
Fungerande ordførarar og gruppeleiar i KrF, Henrik Halleland, seier til NRK at dei i kveld har hatt diskusjonar i gruppa knytt politikk og val av ordførar.
Han fortel at dei nå ønsker å fortsette det borgarlege samarbeidet, og ønsker Tormod Losnedal som ordførar.
Kunngjeringa frå KrF betyr at Losnedal etter all sannsyn blir ny ordførar i Stavanger.
Det var Stavanger Aftenblad som først omtalte saka.
I dag blei det klart at eit fleirtal går inn for å godkjenne fritakssøknaden til Sissel Knutsen Hegdal.
Med KrF si kunngjering har alle fleirtalspartia nå sagt at dei vil frita Sissel Knutsen Hegdal frå ordførarvervet.
Tormod Wilson Losnedal står klar til å ta over, men då må fleirtalet i Stavanger bystyre også stille seg bak ordførarkandidaten frå Høgre.
KrF har hatt gruppemøte i dag, og det vore knytt spenning til om dagens fleirtal i bystyret ville bestå.
Høgre har saman med Venstre, KrF, Framstegspartiet, Pensjonistpartiet, og den nå uavhengige representanten Sissel Knutsen Hegdal, knappast mogeleg fleirtal i bystyret i Stavanger.
De sit nå med 34 mot 33 representantar, og alle partia må derfor stille seg bak ordførarkandidaten.