Organisasjonar som arbeidar mot atomvåpen om årets fredsprisvinnar: – Dette er heilt fantastisk
Beatrice Fihn, leiar i ICAN ei organisasjon som arbeidar for ei atomfri verda, gratulerer vinnarane av fredsprisen og seier:
– Dette er heilt fantastisk. Eg såg ikkje dette komme, men det er så viktig at vi framleis har fokus på kjernevåpen, særleg i lys av trugselen frå Russland.
I ei felles pressemelding seier Nei til Atomvåpen, Leger mot atomvåpen og ICAN Norge at det er med stor glede dei mottek nyheita om at fredsprisen går til Nihon Hidankyō.
– Dette er ein veldig gledeleg klapp på skuldra for alle som jobbar for nedrusting. Samtidig er det eit tydeleg signal til statsleiarane i verda, derunder den norske regjeringa for at ein er nøydd til å jobbe hardare og vere tydelegare. Vi treng meir handling og meir samarbeid for å få til dette, seier Philippe Bédos Ulvin, politisk rådgivar i Nei til Atomvåpen.