FN-gransking: Israel skuldig i brotsverk mot menneskeslekta i Gaza
0
Israel går bevisst til åtak på helsefasilitetar, drep og torturerer helsepersonell i Gaza, seier etterforskarar i FNs granskingskommisjon torsdag. Det skriv nyheitsbyrået AFP.
Kommisjonen har konkludert med at Israel gjer seg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta etter å ha granska øydeleggingane av helsesystema i Gaza.
Kommisjonen er nedsett av FNs menneskerettsråd, og heile rapporten skal leggast fram om kort tid.
– Israel har gjennomført ein bevisst politikk for å øydeleggje helsesystemet i Gaza som ein del av eit større åtak på Gaza, heiter det i ei fråsegn.