AUF-leiar føreslår å leggje verna vassdrag i røyr
0
Frp og Høgre ønskjer å opne nokre verna vassdrag for vasskraftutbygging. No får dei uventa støtte frå den avtroppande leiaren for ungdomspartiet til Ap.
– Vi har i mange år hatt overskot på kraft, men vi står no framfor ein situasjon der vi i fleire år truleg får kraftunderskot. Då meiner eg det er på tide å løfte ein debatt om vi, for å skaffe meir grøn kraft, bør opne nokre av vassdraga som er verna i dag, seier AUF-leiar Astrid Hoem til VG.
Forslaget til Hoem har korkje støtte frå hennar arvtakar, Gaute Børstad Skjervø eller moderpartiet.
(NTB)