ru24.pro
World News
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

USA svært bekymra for situasjonen i Nord-Gaza

0
NRK.no 

– Vi er svært bekymra for den humanitære situasjonen i heile Gaza, og særleg bekymra for den humanitære situasjonen i Nord-Gaza.

Det sa talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet, Matthew Miller onsdag, skriv AFP.

Ifølgje FNs flyktningorganisasjon er minst 400.000 menneske fanga i Nord-Gaza. Israel har gjennomført ei rekkje åtak i området, mellom anna i Jabalia-flyktningleiren. Landet har sagt at dei går etter Hamas-militante.

Philippe Lazzarini, leiaren for UNRWA skreiv ei kort uttale om situasjonen på X, der han seier at det er «ingen ende på helvete» for menneska i Gaza.

Miller uttala òg at USA ikkje vil ha ein liknande situasjon i Libanon som i Gaza.

– Eg gjer det veldig klart at det ikkje bør vere nokon form for militær aksjon i Libanon som liknar på det som skjer i Gaza, eller som lèt etter seg eit liknande resultat som i Gaza, sa Miller.