ru24.pro
World News
Октябрь
2024

Storbritannia: Falklandsøyane og Gibraltar skal halde fram med å vere britisk

0
NRK.no 

Etter at Storbritannia førre veke vart samde med Mauritius om å gje tilbake Chagosøyane, reagerte den argentinske utanriksministeren Diana Mondino med å seie at Argentina ville vinne tilbake full suverenitet over Falklandsøyane, melder nyheitsbyrået AFP.

Øyane ligg i Sør-Atlanterhavet og har sidan 1982 vore britiske oversjøiske territoriet.

Den britiske regjeringa understreka måndag at suvereniteten til Falklandsøyane og Gibraltar ikkje er eit forhandlingstema.

– Britisk suverenitet til Falklandsøyane eller Gibraltar ligg ikkje på forhandlingsbordet, uttala ein talsperson for statsminister Keir Starmers.