Høgre om statsbudsjettet: Mykje til offentleg forbruk
– Det er lett å bruke mykje pengar, men det viktige er kva vi bruker det på. Her er det så mykje til offentleg forbruk, at vendepunktet Vedum og Støre har lova oss kan rykke lengre fram i tid.
Det seier Tina Bru, 2.nestleiar og finanspolitisk talsperson i Høgre.
Partiet meiner at regjeringa har overselt løfta sine, og trekkjer fram at spesialisthelsetenesta får realnedgang neste år, og at politiet får ein liten realvekst.
– Dei tar ikkje tak i dei store utfordringane vi står overfor nå. Spesialisthelsetenesta får realnedgang neste år, sjølv om helsekøane er rekordlange. Politiet får ein liten realvekst etter at det har vorte over 500 færre politifolk i gatene dei siste åra, men ikkje nok til at vi får det krafttaket vi treng mot den aukande kriminaliteten.
