Støre: Sterk tale frå Biden i FN
0
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa det var sterkt og interessant å høyre USAs president Joe Bidens siste tale til FN-forsamlinga tysdag.
– Dette var Biden på sitt beste. Han har vore i internasjonal politikk i 50 år. Bodskapen hans var at vi har vore i vanskelege tider tidlegare. Men jobbar vi saman, kan vi løyse store utfordringar. Det er ei haldning vi skal ta med oss, sa Støre til NRK.
Biden snakka også om at av og til må statsleiarar gå av, og gi plass til nye leiarar.
– Det er ein sterk bodskap frå ein leiar i eit demokrati til mange i salen som ikkje har tenkt å gå av fordi dei ikkje er i eit demokrati. Og dei fortener å få høyre det.