Biskopen i Borg valt til leiar for europeisk religionsråd
0
Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Borg bispedømme er valt til president i Det europeiske rådet for religiøse leiarar (ECRL).
– Det er ein fantastisk tillit å bli møtt med, eg er sjølvsagt svært takknemleg for utnemninga, seier Alvsvåg i ei pressemelding.
Sist Noreg hadde ein leiar for rådet var då det blei oppretta i 2002. Då blei dåverande Oslo-biskop Gunnar Stålsett valt som den første presidenten.
Rådet består av leiarar for ei rekke trussamfunn, blant anna kristne, muslimar, jødar og buddhistar.