Al Jazeera fordømmer stenging av kontoret på Vestbreidda
0
Nyheitskanalen Al Jazeera fordømmer storminga og stenginga av kontoret deira i Ramallah på Vestbreidda, melder AFP.
Israelske soldatar storma lokala laurdag kveld. Dei tilsette fekk beskjed om å evakuere, og la utstyr stå igjen.
Israel skal ha beordra ei stenging av kontoret i 45 dagar.
– Raidet mot kontoret og beslaglegginga av utstyret vårt er ikkje berre eit angrep på Al Jazeera men også på pressefridomen og sjølve prinsippa for journalistikk, seier kanalen i ei fråsegn.
Israel seier dei stengde kontoret fordi dei meiner kanalen oppfordrar til terror, og at sendingane til kanalen er ein tryggingsrisiko for området og staten Israel, melder AFP.