ru24.pro
World News
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Trump vil ikkje stille til ny debatt

0
NRK.no 

Det blir ikkje noko tredje debatt, skriv han sjølv på Truth Social.

Kamala Harris svarar Trump og seier at dei skulder veljarane å ha ein ny debatt, melder Reuters.

Trump møtte Harris i deira første debatt denne veka. Mange krona Harris som debattens vinnar, som då gjekk framover på meiningsmålingane.

Trump sitt selskap gjekk tilbake på børsen etter debatten som hadde over 50 millionar TV-sjåarar.

Det var tidlegare i sommar at Trump møtte president Joe Biden i debatt. Det førte til at fleire stilte spørsmål til Biden sin helsetilstand.

Tre veker seinare trekte Biden seg som presidentkandidat, og stilte seg bak Harris.

Ifølgje Trump blir det ikkje fleire debattar før valet i november.