ru24.pro
World News
Сентябрь
2024

Bedriftene trur på auka aktivitet i andre halvår

0
NRK.no 

Men det er store skilnader mellom dei ulike næringane, går det fram av ein fersk rapport frå Noregs Bank sitt regionale nettverk.

Bygg- og anlegg, som har slitt lenge som følgje av dei høge rentene, melder om svakare utsikter. Det gjer også varehandelen, som har slitt mykje med at det har blitt dyrt å importere varer som følgje av den svake norske krona.

Oljeleverandørane har på si side oppjustert sine forventningar om tida framover.

Bedriftene trur framleis på ein lønnsvekst på 5,2 prosent i år, ifølgje ein fersk rapport. Neste år meiner dei lønnsveksten vil vere på 4,3 prosent.

Fire gonger i året intervjuar Noregs Bank leiarane i 400 bedrifter. Svara er viktige fordi dei seier mykje om situasjonen i norsk økonomi, og er dermed viktige for Noregs Bank når dei skal setje renta om nøyaktig ei veke.

– Vi trur at sannsynlegheita for rentekutt i år er liten, skriv seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets i ein kommentar.