Seks UNRWA-tilsette drepne i åtak
0
Seks av dei minst 18 personane som blei drepne i eit israelsk åtak i Nuseirat, jobba i UNRWA, opplyser FN-organisasjonen. Skulebygget som blei treft skal ha vore omgjort til midlertidig opphaldsstad for internt fordrivne.
Hjelpeorganisasjonen for palestinske flyktningar seier det er det dødelegaste åtaket mot deira tilsette i løpet av krigen, ifylgje Reuters.
Det israelske forsvaret seier at flyvåpenet deira gjennomførte eit presisjonsåtak mot Hamas-terroristar som hadde oppretta ein kommandosentral inne i skulebygningen.