Brukarstyrte personlege assistentar i streik
0
Etter at meklinga mellom Fagforbundet og NHO Geneo ikkje førte fram, blir ti brukarstyrte personlege assistentar (BPA) tatt ut i streik frå torsdag morgon.
– Vårt krav var at dei tilsette skal få auka kjøpekraft. Vi kravde ikkje meir enn det andre som jobbar som brukarstyrte assistentar har fått i oppgjeret, seier Fagforbundet sin forhandlingsleiar Karianne Hansen Heien i ei pressemelding.
I fyrste omgang tar Fagforbundet ut ti medlemmer.
– Det er beklageleg at Fagforbundet vel å ta BPA-verksemder ut i streik. Dette råkar brukarar og pårørande som er avhengige av tenestene dei tilbyr, seier forhandlingsleiar Sigurd Løkholm i NHO Geneo.