ru24.pro
World News
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Ingen pågripne etter knivstikking

0
NRK.no 

Politiet har framleis ikkje pågripe nokon etter knivstikkinga i Drammen seint onsdag. Dei rykte ut etter melding om ein slåstkamp mellom fleire personar ved Drammen videregående skole.

Ein mann i 20-åra blei knivstukken og køyrd til sjukehus. Politiet opplyste før midnatt at tilstanden verka å vere stabil.

Det har blitt søkt etter moglege gjerningspersonar utan hell, opplyser Sør-Øst politidistrikt klokka 05.

– Saka går no over i etterforskingsfase, der vi prøver å finne ut kva som har skjedd og kven som var involverte. Så langt har vi utført nokre vitneavhøyr, seier operasjonsleiar Per Eftang.